
Eg byrjer sakte å byggje eit tillitsforhold med guten, eg kjem og ser til han, helsar på han og snakkar litt med han kvar dag den veka. Innerst inne kjenner eg at eg ikkje burde gjere dette, eg skal reise om mindre enn ein månad. Kanskje er det verdt det likevel.
Gatebarna byrjar slik. Dei må jobbe på gata for å bidra til familien. På gata vert dei kjent med barn og vaksne som lever der fast. Kanskje fristar det å leve slik, fri fra familien. Kanskje blir han slått av far sin, kanskje får han ikkje mat heime. Kanskje føler han at han jobbar heile dagen for familien, men familien bryr seg eigentlig ikkje om han i heile tatt. Ein dag kan det vere at far slår han fordi han misstenkjer han for å stikkje til seg pengar frå det han tener. Guten dreg ut på gata, han oppsøkjer dei gatebarna han kjenner, kanskje tek han med seg ein ven som er i same situasjon. Det er så lett, og det skjer så ofte.

Eg kjem ein ganske sein kveld. Guten er der framleis. I dag er han ikkje sky og uinteressert. I dag lyser ansiktet hans opp når ha ser meg.
-Hermano! Eg vil du skal treffe ein ven av meg, han er også kommen hit for å arbeide
Eg helsar på venen og smiler, men biter i meg eit trist sukk. Om han berre hadde visst. Eg avsluttar samtalen med dei slik:
-Du må passe godt på deg sjølv! du må ikkje bli her for å sove
Han nikkar og smiler, men eg veit at han framleis ikkje forstår, og at han ramleis er i fare.
Bileta er kunn for ilustrasjon

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar