onsdag 8. april 2009

Jobb i storbyen

Vegen smalnar inn der den snurrar seg rundt den litle plazaen. Det er perfekt, perfekt for å lære å jobbe på gata. Det er er eit trygt strøk der det ikkje er så mykje konkuranse frå andre gutar som er flinkare til å sjonglere. Han er rundt ti år gammal og bur i ei av dei fattigaste sonane i byen. Heile dagen jobbar han her for å tene pengar, for å hjelpe bestemor. Arbeidsdagen varar 12 timar. Eg set meg ned ved sida av den tynne guten. Han er ikkje så interessert i meg, han svarar ikkje på alt eg spør om og når han svarar er det med korte og konsise setningar. Han har ikkje tillitt til meg enda. sjølvsagt ikkje. Han er i fare, mne han veit det ikkje sjøv. Denne guten skulle vore på skulen, han skulle ha leika med klinkekuler og skote på nabohunden med sprettert. I steden er han her og sjonglerar med mandariner, kvar dag.


Eg byrjer sakte å byggje eit tillitsforhold med guten, eg kjem og ser til han, helsar på han og snakkar litt med han kvar dag den veka. Innerst inne kjenner eg at eg ikkje burde gjere dette, eg skal reise om mindre enn ein månad. Kanskje er det verdt det likevel.

Gatebarna byrjar slik. Dei må jobbe på gata for å bidra til familien. På gata vert dei kjent med barn og vaksne som lever der fast. Kanskje fristar det å leve slik, fri fra familien. Kanskje blir han slått av far sin, kanskje får han ikkje mat heime. Kanskje føler han at han jobbar heile dagen for familien, men familien bryr seg eigentlig ikkje om han i heile tatt. Ein dag kan det vere at far slår han fordi han misstenkjer han for å stikkje til seg pengar frå det han tener. Guten dreg ut på gata, han oppsøkjer dei gatebarna han kjenner, kanskje tek han med seg ein ven som er i same situasjon. Det er så lett, og det skjer så ofte.


Eg kjem ein ganske sein kveld. Guten er der framleis. I dag er han ikkje sky og uinteressert. I dag lyser ansiktet hans opp når ha ser meg.
-Hermano! Eg vil du skal treffe ein ven av meg, han er også kommen hit for å arbeide
Eg helsar på venen og smiler, men biter i meg eit trist sukk. Om han berre hadde visst. Eg avsluttar samtalen med dei slik:
-Du må passe godt på deg sjølv! du må ikkje bli her for å sove

Han nikkar og smiler, men eg veit at han framleis ikkje forstår, og at han ramleis er i fare.

Bileta er kunn for ilustrasjon

Bileter frå gata

passing by

Can you see?

Rebuilding life together

Sjå traileren på filmen vår

tirsdag 17. mars 2009

A letter to my english speaking friends

First of all, I'm sorry for shutting you out of my life by writing my blog in Norwegian. I know, I should’ve had at least one version in, English, one in Spanish and one in Swahili. I can always blame my “lack” of time, but the truth is that it has more to do with my prioritization. I feel it is more fair that my grandmother can read my letters and that my more web-experienced english speaking friends can talk to me over facebook and send me mails. Most of you have already done so. Thanks! That makes me really happy. I’m doing my best to keep up with you, and if you feel there is not enough response it sometimes helps to nag a little.

I’m now in my fifth month in Bolivia and in my sixth month away from home. Some people might think that I have been the most boring act no’wer ever. I have not visited any big tourist traps, not in Bolivia, nor in South America. Why? I think my best answer is that I came here to learn and to give. I decided to make a “real” sacrifice. As some of you know, I’m a quite slow person, both in thinking and working. So, why waste valuable time on doing things and traveling to places far from what I came here for.

My best and worst times here in Bolivia I have spent in the sewer, in a dusty park or on a beat-up football field. The most interesting people and places I’ve met through my work, or on the way to getting my visa renewed. I used to dream about traveling. That I would do and see a lot of crazy things, on a wild adventure in a strange country. On my way I have found out that traveling is a lot more and a lot less than this. The longest and hardest journeys I have made so far have all been journeys within’. Traveling in mind and stretching for goals of peace and understanding, of myself and others. I think you actually come farther in life by venturing in that way.

My work has been helping, hearing, seeing and loving children who need desperately someone who is there for them. I think might never see any of the fruits my work has planted. I have worked so much, but I don’t really know what I have done. But I won’t dread for this. My father knows, so I don’t have to worry about that.

One and a half year ago i didn’t know that these children existed. Children who live on the streets and in the water channels. Now I’ve talked to them. I know what they think of life, what their habits are. I know their language and their faith. These are children in need. Something good was taken form them, and it can not be returned. They call me “brother”, but I will also be gone in less than one and a half moth. I cling to the thoughts of the good people who are staying behind, still being important persons in the lives of these children. God has a plan with each one of his children.

Good Night

lørdag 21. februar 2009

Arbeidet på gata held fram


Etter episoden med Freddy forsvann alle gatebarna frå placa Fatima, men vi klarte å spore dei opp. Dei hadde søkt tilflukt litt lenger utanfor sentrum. Under ei ganske brei og beskyttande betongbru. Dei var mange under der. Vi slo oss ned hos dei ei stund og prata. Dei dreiv og gjorde i stand noko mat. Gjestmilde som dei er, ville gjerne invitere. Eg takka pent nei. Dei insisterte heldigvis ikkje, dei må få ha det litle dei har for seg sjølv.

Eg fekk meg nok ein ny ven under denne brua. Han heiter Omar. Eg fortalde han om kor lite dugeleg eg er i fotball, og vi lo og skratta saman. Omar har fem brør. Dei er spredd rundt omkring på gata. Far hans er i live, men Omar meinar at han ikkje bryr seg, hverken om han eller brør hans. Vi snakka om kva det betyr å ha ein far. Han fortalde om forskjellige educadorar (gatearbeidarar) som han hadde kjend. Ein av dei hadde lært han at dersom to samlast i vår himmelske far sit namn, så er han midt i blant dei.

Eg sa til han at han dersom han virkelig trudde dette i hjertet sitt, så vil han alltid ha ein far, som bryr seg om han, som elsker han, som følgjer han kor enn han går, like eins på gata.

Vi lova å komme attende med ein fotball dagen etter, og det gjorde vi. Vi gjekk til innkjøp av ein fotball, nokre posar med fruktjuice og nokre kjekspakkar. Dette løfta stemninga under brua. Vi fant ein litt støvete fotballbane i nærleiken. Det vart no heite og morosame fotballkampar, avbrutt av ein liten kjekspause. Den første kampen kjekk med til å kurere kutt og sår, for min del. Men i den andre fekk eg verkelig vise fram mine klovnete fotballtriks. Vi hadde det kjekt. Det som var trist var å sjå dei minste gutane sniffe lim i pausane. Det er ikkje noko å gjere med dette, ein kan be dei leggje det vekk, men den litle saken kjem fort opp til nasa att. Det mest effektive var å halde kampen spanande og engasjerande. Det gjeld å få dei til å ha det kjekt, få dei til å le og kose seg. Ingenting leger dei djupe hjartesåra deira slik som det.




onsdag 18. februar 2009

Action På Gata

Dagen byrja med at vi ikkje fant nokon ungar på dei vanlege sadane på gata. Dei var gått for å "prøve seg". Ekstra tidleg i dag, sidan trafikken var eit einaste stort kaos. Når dei går for å "prøve seg" betyr det at dei stjeler. Trafikkaos innbyr til det. Dersom dei får tak i noko, sel dei det,l dersom dei vert fanga har dei passa på at dei er godt berusa. Dei rusar seg for at dei ikkje skal ha frykt, og for at dei ikkje skal kjenne smerta frå julinga som dei får dersom dei vert teken.

Vi i plataforma-teamet heldt utkikk på placa fatima, der gatebarna ofte samlast. Leiaren for teamet, Julia, hadde lenge vore var ein ny gut som hang rundt aleine på placaen. Vi snakka med han, han verka skremt. Han sa han venta på far sin, men Julia hadde sett at han vankar med gategjengen her. Vi fekk ikkje snakka meir med guten, då vi vart distrahert. Det vart eit leven borte ved kanalen. Det er der gutane pleier å gjøyme seg. Ein politimann hoppa av ein bil i nærleiken og sprang i retning kanalen. Ein gut hadde forsøkt å robbe, men han vart teken. Politimenn strøyma til frå alle kantar. Dei måtte vere minst ti som tok hand om "Freddy" som guten heiter. Freddy havna bak i politijeepen. Avgårde med han. Resten av politimenna bestemte seg for å røyke ut dei andre eventuelle bebuarane av kanalen. Dei kom med ein slags gassgranat som dei plassera inne i den mørke tilfluktstaden til gaebarna. Dei stilte seg så utanfor og venta på at det skulle velte forskjemte og forgifta gatebarn ut av tunellen. Det skjedde ikkje. Dei var borte alle saman. God var det, meinar eg.

fredag 13. februar 2009

Det pøsar og det tordnar. Braka kjem langvegsifrå men skralla deira fyller heile natta. Det vert ikkje mykje søvn å framdriva. Då er det like greit å ta til skrivemaskina og sende eit livsteikn i retning Noreg.

Eg har vore litt ute å reist den føre veka. For ikkje å opphelde meg ulovleg i Bolivia måtte eg komme meg over grensa til Chile. Ein flott og lang busstur. Eg er jo nordmann, så de er ikkje alt av natur som verkar fullt så imponerande på meg, men det er noko spesielt ved Andesfjella og Alteplano.

Dei enorme slettene og dei mjuke åsane bølgjer seg fredfult bortetter i eit uendelig løp. Det er noko underleg mektig ved desse fjella, noko nermast hypnotiserande. 50 timar i buss gjev ein tid til å studere dei nøye og freden her oppe, tusenvis av meter over havet gjev ein tid til å tenkje og slappe av.



Reisa byrjar og sluttar med ein 17 timars busstur mellom Santa Cruz og hovudstaden, La Paz. Alt ser ut til å stå litt på skeiva i denne byen, men den er jo også bygd, så og seie, midt i ei fjellside. (frå ca. 2500 m.o.h opptil 4000!) Ein skulle tru at det einaste du treng å kunne for å ta lappen her er bakkestart.


Det er underleg at Bolivia skal komme så skeivt ut i verdsutviklinga. Det er jo slik eit nydelig land, rikt på ressursar i fjellet, i jorda og i menneska. Kanskje har dei aldri hatt ein sjanse til å vise kva dei kan. Kanskje har dei vorte utnytta, missbrukte, marginaliserte og terroriserte i lange tider. Kanskje har dei vorte knekte. Men landet er likevel det same, Andesfjella står like støtt i dag som nokon gong.
Vi har sett folket i Bolivia lida som koloni under Spania, som slavar under industrien og som offer for marginaliserande og urettferdig politikk. Vi i vesten er litt som Andesfjella. Vi står der i horisonten, store vakre og majestetiske. Inni er vi kalde, fulle av stein og metall. Det tek ufattelig lang tid før før vi rører på oss og dei einaste som kan utnytte våre enorme ressursar er dei som klarar å følgje dei krokete stiane og dei invikla systema våre.



Etter mykje buss, mykje fjell og mykje tenking er det strake vegen heim att. Eg må gjekke meg ned frå andesfjella og inn att på Aldea de niños, Alalay, i Santa Cruz. Her er det nokon av dei eldste gutane som har forsvunne medan eg har vore vekke. Dei er no i byen for å starte på utdanninga si. Eg er spendt på korleis dei klarar seg der. Det blir nok tunge tak for dei.

Til slutt vil eg legge med ein liten godbit til dei som driv å spør om maten vi et. Her har de ein av mine favorittar: kyllingsuppe med makaroni.

Probecho!